Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Arbeidet med ny Nasjonal transportplan 2022-2033: Samferdselsministeren møter næringsliv og interesseorganisasjonar – vil ha innspel til ny NTP

5. november møter samferdselsminister Jon Georg Dale næringsliv og interesseorganisasjonar. Hovudformålet er å få innspel om korleis neste NTP kan bidra til å nå viktige mål i samferdselspolitikken – mellom anna knytt til auka verdiskaping, det grøne skiftet og transporttryggleik.

– Vi legg opp til brei involvering når vi skal utarbeide ny Nasjonal transportplan (NTP). I arbeidet framover med neste NTP skal vi finne løysingar som gjer oss mest mogleg samferdsel for pengane og som tener folk og næringsliv i heile landet godt. Rask og trygg transport gjer at vi kan ta heile landet i bruk. Vi veit også at transportsektoren må levere ein stor del av klima-løysingane Noreg har forplikta seg til. Eg ser difor fram til å møte representantar frå næringsliv og interesseorganisasjonar for å høyre kva dei meiner vil vere transportbehova i framtida og kva dei ser på som dei største utfordringane og mogelegheitene, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Deltaking på møtet

Invitasjonen til møtet er sendt til eit breitt utval av større organisasjonar innan mellom anna arbeids- og næringsliv, miljø og trafikktryggleik. Interessa for møtet er stor. Over 50 har meldt seg på til no.

Organisasjonar som ikkje har motteke invitasjon, kan vende seg til [email protected] om dei ønskjer å delta. Deltaking føreset at det er ledige plassar i møtelokalet. Fleire detaljar om møtet står i invitasjonsbrevet: Les brev med invitasjon (pdf) – merk: nytt møtetidspunkt og oppdatert program (pdf)

NTP

Nasjonal transportplan er ein 12-årsplan for norsk transportpolitikk, som rullerast kvart fjerde år. Nasjonal transportplan 2018-2029 blei lagt fram våren 2017. Regjeringa tek sikte på å legge fram den nye planen, Nasjonal transportplan 2022-2033, våren 2021.

Sjå meir om arbeidet med neste NTP her

 

Til toppen