Historisk arkiv

Kunnskapsministeren kjem til Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Sted: Grieghallen i Bergen

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til Bergen onsdag 25. november. Han vil besøke ein bedrift med lærlingar, halde innlegg og delta i debatt på konferansen "Arena for kvalitet i fagopplæringa". Han vil også besøke Nordahl Grieg vidaregåande skole.

 

Program for dagen: 

Kl. 10.00-10.45: Besøk til lærebedrifta Anleggsgartnermester Wikholm
Noreg kjem til å mangle fagarbeidarar i framtida, men mange elevar får ikkje læreplass. Statsråden vil møte ein lærebedrift og lærlingar for å diskutere korleis ein kan skaffe fleire læreplassar, slik at fleire elevar gjennomfører opplæringa og får eit fag- eller sveinebrev.

Adresse: Bybanen, Flesland (Birkelandsskiftet ved Telenor-bygget) 

Kl. 11.15-12.50: Kvalitet i fagopplæringa
Statsråden er med på konferansen "Arena for kvalitet for fagopplæringa". Han vil halde innlegg og delta i debatt om samarbeid mellom skole og arbeidsliv for kvalitet i fagopplæringa.

Adresse: Grieghallen, Edvard Grieg Plass 1, Bergen

 

Kl. 14.30-15.45: Besøk til Nordahl Grieg vidaregåande skole

Kunnskapsministeren besøker Nordahl Grieg vidaregåande skole for å sjå på skolen si satsing på IKT. Han vil diskutere med tilsette og elevar korleis bruken av IKT kan gi god læring.

Adresse: Steinsvikvegen 430, 5239 Rådal

 

Les mer her