Historisk arkiv

Årets nynorskkommune 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet har sidan 2009 kåra årets beste nynorskkommune. No er vi på jakt etter årets prisvinnar, og oppfordrar kommunar og fylkeskommunar med nynorsk som målform, til å søkje.

Kommunal- og regionaldepartementet har sidan 2009 kåra årets beste nynorskkommune. No er vi på jakt etter årets prisvinnar, og oppfordrar kommunar og fylkeskommunar med nynorsk som målform, til å søkje.

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har nynorsk som målform. Utdeling av prisen årets nynorskkommune 2013 blir i månadsskiftet september/oktober, og vinnaren mottek 100 000 kroner.

Føremålet med prisen er å stimulera til god nynorskbruk i kommunane.  

Dei som kan søkje om å få prisen er nynorskkommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under:

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
  • aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
  • god målbruk blant tilsette
  • marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.

Søknadsfristen er 31. august 2013.

Tidligare vinnarar er Stord kommune (2009), Seljord kommune (2010), Fjell kommune (2011) og Sogn og Fjordane fylkeskommune (2012).

Det er kommunane og fylkeskommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen. Kommunar som har søkt tidlegare er velkomne til å søkje.

Merk søknaden ”Årets nynorskkommune” og send den til postmottak@krd.dep.no, eller

Kommunal- og regionaldepartementet
Postboks 8112 Dep
0032 Oslo


Kontaktpersonar i Kommunal- og regionaldepartementet:

  • Rådgjevar Solveig Kolsrud, telefon: 22 24 72 09
  • Spesialrådgjevar Christine Hjortland, telefon: 22 24 72 06