Historisk arkiv

Åse Michaelsen er ny eldre- og folkehelseminister

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Åse Michaelsen vart 17. januar utnemnt til ny eldre- og folkehelseminister i Helse- og omsorgsdepartementet.

Ho får ansvar for omsorgtenester og folkehelse i departementet.

Michaelsen har lang erfaring frå Stortinget, der ho har representert Fremskrittspartiet i 12 år, fra 2005-2017. Ho har vore medlem i valkomiteen, kirke-, utdannings- og forskingskomiteen, justiskomiteen og transport- og kommunikasjonskomiteen.

Michaelsen er 57 år og kjem frå Mandal kommune i Vest-Agder. Ho har jobba som handling coordinator i SAS i over 15 år og eid og drive bensinstasjon. Michaelsen har grunnfag i engelsk frå Kristiansand lærerhøgskole, Universitetet i Agder.

Line Miriam Sandberg (FrP) er utnemnt til statssekretær for eldre- og folkehelseministeren. Karine Skaret (FrP) er politisk rådgivar.