Asheim legg fram stortingsmelding som skal gjere det enklare for studentar å reise på utveksling

Regjeringa vil at fleire norske studentar skal ta heile eller delar av utdanninga i utlandet. På sikt er målet at halvparten av studentane skal reise ut. Men dei siste åra har talet lege stabilt på 16 prosent.

Fredag 30. oktober legg forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) fram ei ny stortingsmelding med ei rekkje forslag som skal gjere det lettare for fleire studentar å velje å dra på utveksling.

– No er det litt unntakstilstand, men vi skal tilbake til ein kvardag der vi ønskjer at fleire studentar reiser ut og tar delar av studiet eller heile grader i utlandet, seier Asheim.

  • Tid: Fredag 30. oktober 12.00-12.45
  • Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18
  • Program:
    • Statsråden legg fram meldinga
    • Deretter blir det samtale mellom Asheim, ANSA-leiar Morgan Alangeh, Vibeke Munthe-Kaas, direktør for analyse og strategi i Abelia, og prorektor ved Noregs handelshøgskule, Malin Arve

Journalistar som ønskjer å delta kan melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar i Kunnskapsdepartementet Johanne Severinsen, johanne.severinsen@kd.dep.no, 91114868

Pressekonferansen blir strøymd på regjeringen.no.

Nett-tv Asheim legg fram stortingsmelding som skal gjere det enklare for studentar å reise på utveksling

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her