Presseinformasjon

EØS/EU-minister Elisabeth Aspaker til Berlin 16. og 17. mars

Statsråd Aspaker vil denne veka besøke Berlin for politiske samtalar. Torsdag deltar EØS/EU-ministeren i ein paneldebatt under konferansen «Berlin Energy Transition Dialogue», som blir opna av utanriksminister Frank-Walter Steinmeier og nærings- og energiminister Sigmar Gabriel.

EØS/EU-ministeren skal ha politiske samtalar med fleire representantar   for den tyske regjeringa og medlemar av Europa-komitéen i Forbundsdagen.  

Onsdag ettermiddag møter Aspaker statssekretær Uwe Beckmeyer, i   Nærings- og energiministeriet.  

Torsdagen startar med frukostmøte med Michael Roth, parlamentarisk   statssekretær for Europa-saker. Konferansen «Berlin Energy Transition   Dialogue» byrjar kl 9, Aspaker deltar i paneldebatten kl. 11.45-12.45.  

Kl. 13 er det arbeidslunsj med statssekretær Emily Haber,   Innanriksministeriet.

Kl. 16.30 møter Aspaker medlemar av Europa-komiteen i Forbundsdagen.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.