Presseinformasjon

EØS- og EU-ministeren til Bratislava 28. november

Måndag 28. november reiser EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker til Bratislava for å signere samarbeidsavtalen om fordeling av EØS-midlane med Slovakia.

Avtalen inneber at landet får meir enn 113 millionar euro til disposisjon for perioden 2014-2021. Avtalen som skal underteiknast måndag fordeler midlane på ni fond og program, der næringslivs- og klimasamarbeid er prioriterte sektorar.

Vik Aspaker signerer avtalen saman med den slovakiske utanriksministeren, Miroslav Lajcak. Signeringsseremonien startar kl. 14 i regjeringsbygninga i Bratislava, med påfølgjande pressekonferanse. Deretter har statsråden ein bilateral lunsj med Lajcak.  

Pressekontakt: Rune Bjåstad, ved ambassaden i Bratislava. Mobil: +47 957 85 536.