Historisk arkiv

Asylmottak for bebuarar med særskilde behov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 143/2004
Dato: 06.10.2004

Statsbudsjettet 2005:

Asylmottak for bebuarar med særskilde behov

Regjeringa foreslår å setje av 15 millionar kroner til etablering av asylmottak for bebuarar med psykiske problem og/eller med trugande eller valdeleg åtferd.

Desse mottaka skal ha tilstrekkeleg med faglege ressursar, vere døgnbemanna og ha ei høveleg lokalisering i forhold til det psykiske helsevernet og andre relevante hjelpeinstansar, slik at ein betre kan følgje opp bebuarar med særskilde behov.

- Etablering av slike mottak er naudsynt og ei viktig sak for Regjeringa, seier kommunal- og regionalministar Erna Solberg.

Bakgrunnen for forslaget frå regjeringa er at mange mottak har støytt på store utfordringar knytte til bebuarar med psykiske problem og/eller med trugande eller valdeleg åtferd.