Statsbudsjettet 2017:

Åtte millionar kroner til å gjere utmarksforvaltninga enklare

Regjeringa foreslår i budsjettet for 2017 å løyve åtte millionar kroner til arbeidet med å gjere utmarksforvaltninga enklare. – Vi ynskjer å støtte gode tiltak for forenkling, styrking av det lokale handlingsrommet og verdskapning i utmark, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Noreg har store naturressursar og utmarka er verdifull. Det har vore ein rekordsommar for reiselivet i Noreg. Natur og utmarksområde er ein viktig del av det norske reiselivsproduktet og  stadig fleire kommunar ynskjer i større grad å bruke utmarka i lokalt utviklingsarbeid.

Regjeringa ynskjer å gjere det enklare å skape arbeidsplasser i utmarka. Pengane skal gå til kommunar som vil sette i gang tiltak som kan bidra til verdiskaping, å styrke det lokale handlingsrommet og forenkle forvaltninga i utmarkssaker. Det er eit mål at brukarane skal oppleve at kommunane har "ei dør inn" for den som ønsker å søke om tiltak i utmark. Vi vil gjerne sjå forslag til prosjekt som har dette med i sin søknad.

– Forvaltninga og regelverket kan vere komplisert både for brukarar og forvaltninga. Det er ikkje alltid lett å vite kva som er lov å gjere eller ikkje, og sakshandsaminga kan vere lang. Ulike sektorinteresser står mot kvarandre. Alt dette kan skape utfordringar både for enkeltpersonar og kommunal forvaltning, seier Sanner.

Satsinga inneber at ramma for forsøksordning for forenkling av utmarksforvaltning vert auka med fem millionar kroner. Ordninga er femårig, og midlar vart lyst ut første gang i 2016. Utlysinga for neste år vil skje i første halvdel av 2017.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.