Historisk arkiv

Audhild Andersen Randa nytt styremedlem i reiseplanleggings- og billeteringsselskapet Entur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Entur skal levere gode tenester som gjer det enkelt å reise kollektivt og som støttar opp om produkta som aktørane i kollektivsektoren sjølv etablerer. Når Entur-styret no får Audhild Andersen Randa inn som nytt medlem, vil dei vere godt rusta til å vidareutvikle selskapet i nettopp denne retninga. Audhild Andersen Randa har erfaring frå strategisk leiing og med å bruke teknologi for å skape gode tenester for brukarane. Eg er glad for å få Randa med på laget, seier samferdselsminister Jon Georg Dale

På generalforsamlinga til Entur AS den 3. juni 2019 blei Audhild Andersen Randa vald som nytt styremedlem.

Audhild Andersen Randa (f. 1983) er i dag IT-direktør for Circle K Europe. Ho har jobba i selskapet sidan 2013, og vore IT-direktør sidan 2016. Randa starta karriera si i McKinsey & Company, og jobba der i perioden 2008-2013. Ho er utdanna sivilingeniør frå NTNU.

Etter generalforsamlinga er det aksjonærvalde styret i Entur AS sett saman slik:

Leiar i styret Karin Bing Orgland
Nestleiar i styret Leif Harald Jensen
Styremedlem Sverre Kristian Gjessing
Styremedlem Audhild Andersen Randa

Sonja Chirico Indrebø ble under generalforsamlinga takka av for god innsats som styremedlem i perioden 2016-2019.

Om Entur AS

Entur AS er eit heileid statleg aksjeselskap som tilbyr tenester på konkurranse-nøytrale vilkår for reiseplanlegging og billettering til kollektivtransportsektoren.

Selskapet leverer sal- og billetteringstenester til jernbanen og tenester som gjør det enkelt å planlegge, samanlikne og kjøpe saumlause reiser på tvers av alle kollektivtransportselskaper i Norge, på både buss, tog, ferje, T-bane og trikk.