Auka investeringar i driftsbygningar i landbruket

Investeringane i driftsbygningar i jord- og hagebruk auka frå 3,5 til 4.0 milliardar kroner frå 2014 til 2016. Talet på jordbruksbedrifter som investerte i driftsbygningar auka frå 5.400 i 2014 til 7.000 i 2016.

− Det er avgjerande at vi har ein politikk der den norske bonden ser grunnlag og moglegheitar for å investere for framtida. Mi viktigaste oppgåve som landbruks- og matminister er å få unge menneske til å ha tru på næringa, og vilje til å satse. Det er dette som over tid sikrar rekrutteringa til norsk matproduksjon. Derfor er dette gledelege tal, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Oppføring av ny driftsbygning.
Å ha tru på næringa, og vilje til å satse, sikrar rekrutteringa til norsk matproduksjon. Foto: Nedzad Zdralovic/Fylkesmannen i Finnmark
Til toppen