Statsbudsjettet:

Auka løyving til Sjømannskyrkja

Regjeringa foreslår å løyve 86,1 millionar kroner til Sjømannskyrkja i 2016. Dette inneber at tilleggsløyvinga på 2,5 millionar kroner i revidert budsjett for 2015 blir vidareført.

Sjømannskyrkja opptrer på vegner av Den norske kyrkja i utlandet. Sjømannskyrkja har eit nært samarbeid med Utanriksdepartementet og har døgnope beredskapshjelp for nordmenn som er i ein naudsituasjon i utlandet.

Sjømannskyrkja ønskjer fast nærvær på Filippinane. Det er også behov for å utvide den diakonale innsatsen i ein situasjon med fleire alvorlege sosialsaker der born er involverte.

Auken i rammetilskotet til Sjømannskyrkja vil kunne bidra til dette.