Auka midlar til flaum og skred i 2018

I samband med gjennomgang og endringar av 2018-budsjettet føreslår regjeringa å auke budsjettet til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) med 55 millionar kroner. Dette skal brukast til å følge opp flaumen i Oppland og på Vestlandet tidlegare i år.

- Fleire kommunar vart ramma av flaumen i oktober. NVE er i gang med tiltak for å rydde opp og avverje fare for ytterlegare skadar. Tilleggsløyvinga på budsjettet for 2018 sikrar NVE tilstrekkelege midlar til å gjennomføre dette viktige arbeidet, seier olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg.

Store nedbørsmengder i kombinasjon med høg temperatur og snøsmelting i fjellet førte til unormalt mykje vatn i fleire vassdrag på Vestlandet og i Oppland i haust. Dette førte til evakueringar av folk og store skadar fleire stader, mellom anna i Luster og Skjåk. NVE har god dialog med kommunane som vart ramma, og er i gang med tiltak og planlegging av flaumsikringsanlegg.  

Olje- og energidepartementet har det overordna ansvaret for statlege forvaltningsoppgåver innan førebygging av flaum- og skredskadar. NVE yter hjelp til kommunar og samfunnet elles med kompetanse og ressursar til kartlegging, arealplanoppfølging, sikring, overvaking, varsling og med faglege råd under hendingar.

Til toppen