Statsbudsjettet 2018:

Auka næringsverksemd, bioøkonomi og mattryggleik

På Landbruks- og matdepartementet sitt område er det desse hovudprioriteringane i statsbudsjettet for 2018:
- Fortsatt sterk satsing på skogsvegar og tømmerkaier 
- Auka matproduksjon
- Avgiftslette for reindrifta 
- 10 millionar kroner til å følgje opp bioøkonomistrategien

Satsing på skogsvegar og tømmerkaier held fram

Regjeringa har nær dobla løyvingane til skogsvegar i høve til førre regjering, og legg opp til å vidareføre eit høgt ambisjonsnivå. Det er framlegg om løyving på 92 millionar kroner og ei tilsegnsfullmakt på 95 millionar kroner til bygging og utbetring av skogsvegar og tømmerkaier. I tillegg til dette kjem midlar over jordbruksavtalen. Det gjer at utbygginga kan halde fram i høgt tempo.

– Dette medverkar til vesentleg reduserte transportkostnader og betre konkurranseevne i skog- og trenæringa. Det gir grunnlag for sysselsetjing og verdiskaping langs kysten og i distrikta. Samstundes tek skogen opp CO2 og tre er eit klima- og miljøvennleg alternativ til fossile råstoff, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Avgiftslette for reindrifta

Regjeringa følgjer opp regjeringserklæringa, og gjer framlegg om at reineigarar blir fritekne for avgifter på driftsmidlar som snøscooter, ATV og terrenggåande motorsyklar.

– Det er naturleg og viktig at reindriftsutøvarane på line med bønder får avgiftsfritak på driftsmidlar. Den aktive reindriftsutøvaren vil få stor reduksjon i avgiftene, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.  

Skrantesjuke

Skrantesjuke (Chronic Wasting Disease) er ein dødeleg sjukdom hjå hjortedyr som i 2016 vart påvist hjå elg og villrein i Noreg. Landbruks- og matdepartementet har slutta seg til Mattilsynets vedtak om å ta ut villrein i Nordfjella for å hindre vidare spreiing av den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke.

– Skrantesjuke hjå villrein er ein stor trussel mot tamrein og mot anna hjortevilt. Det er såleis viktig å setje i verk effektive tiltak for å hindre at sjukdommen spreier seg, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Bioøkonomistrategi

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga med 10 millionar kroner til forsking for å utvikle framtidas teknologi som skal gjere det mogleg å realisere bioøkonomien.

– I tråd med bioøkonomistrategien skal løyvinga medverke til det grøne skiftet ved at vi nyttar dei biologiske ressursane betre og utviklar produkt som er meir klima- og miljøvenlege, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Auka matproduksjon

Regjeringa prioriterer auke i matproduksjonen i Noreg. Jordbruksavtalen gir nå betre grunnlag for matproduksjon i heile landet på både små og mellomstore gardsbruk. Avtalen styrker særleg grunnlaget for bruk av utmarksbeite, satsing på korn, frukt og grønt.

– Det har aldri blitt produsert meir mat i Noreg enn nå. Bøndene ligg an til ein inntektsauke på over det dobbelte av andre yrkesgrupper i perioden. Færre gardsbruk går ut av drift nå enn under tidlegare regjeringar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Fjerne faste statstilskott til organisasjonar

Regjeringa gjer framlegg om å fjerne faste statstilskott til organisasjonar på det landbruks- og matpolitiske området.

– På grunn av eit stramt budsjett har vi måtte prioritere strengt på Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Vi har prioritert opp mattryggleik, bioøkonomi og auka matproduksjon. For å klare det har vi fjerna støtta til organisasjonar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.