Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjett 2019:

Auka satsing på musikk og scenekunst

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til ei rekkje institusjonar og tiltak på musikk- og scenekunstområdet.

– Musikk- og scenekunstinstitusjonane rundt om i landet dannar eit viktig fundament for det profesjonelle kulturlivet. Dei skal ha føreseielege vilkår, som fremjar kunstnarleg utvikling og kvalitet. Budsjettframlegget viser at vi særleg vil styrkje arbeidet med formidling og publikumsretta tiltak i musikk- og scenekunstfeltet, seier kulturminister Trine Skei Grande.

For å styrkje produksjon og formidling i musikkfeltet foreslår regjeringa å auke tilskota  til Nordnorsk Opera og Symfoniorkester, Opera Rogaland og Edvard Grieg Kor med til saman 6 millionar kroner.

Regjeringa foreslår 6 millionar kroner til turnénettverket Dansenett Norge for å gjere norsk og internasjonal samtidsdans tilgjengeleg for eit stort publikum i heile landet. Videre foreslår regjeringa ein særskilt auke på til saman 4 millionar kroner til dei programmerande scenene, BIT Teatergarasjen, Teaterhuset Avant Garden og Black Box Teater, for å skape og vise kunst til eit breiare publikum.

Regjeringa foreslår å styrkje digital formidling av scenekunst ved å gje eit tilskot på 2 millionar kroner til Applaus, ei ny strøymeteneste av teaterframsyningar for barn og unge. Vidare foreslår regjeringen ein auke på 500 000 kroner til Dramatikkens hus for å gjere utvalde dramatikarar tilgjengelege på podcast og auke spreiinga av ny norsk dramatikk.

Regjeringa foreslår eit tilskot på 1 million kroner til Kulturalliansen til arbeidet med utvikling av kulturarenaer og til ei styrking av det frivillige kulturlivet lokalt og regionalt.

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Ole Bull Akademiet med 800 000 kroner for å styrkje akademiet sine vekekurs i folkemusikk og folkedans. Tilskotet til Noregs Ungdomslag er foreslått auka med 500 000 kroner til ungdomshusarbeidet og det folkedansfaglege arbeidet.

Regjeringa foreslår 500 000 kroner i auka tilskot til Det Norske Teatret til å arrangere den fyrste internasjonale Fossefestivalen i 2019.

Regjeringa foreslår auka tilskot til ei rekkje kulturinstitusjonar i 2019 til særskilde tiltak og prosjekt som skal stimulere til mangfald, integrering og motverke fattigdom, sjå eiga pressemelding om regjeringa sitt integreringsløft.

Til toppen