Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Auka støtte til studentane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår å prisjustere satsane i utdanningsstøtteordningane i Lånekassa for undervisningsåret 2007–2008 med 1,75 prosent. Basisstøtta aukar dermed til 82 900 kroner per studieår.

Pressemelding

Nr.: 68-06
Dato: 6.oktober

Auka støtte til studentane

Regjeringa foreslår å prisjustere satsane i utdanningsstøtteordningane i Lånekassa for undervisningsåret 2007–2008 med 1,75 prosent. Basisstøtta aukar dermed til 82 900 kroner per studieår.

Regjeringa prioriterer òg å styrkje lærarutdanninga med å løyve eit samla beløp på om lag 35 millionar kroner for å dekkje behovet samfunnet har for lærarkompetanse. Dette er 7 millionar meir enn i inneverande år. Av desse midlane er det løyvd 11 millionar kroner til nye utviklingsprosjekt i lærarutdanninga. Tiltaka følgjer opp behovet for å styrkje lærarutdanning som NOKUT-evalueringa av allmennlærarutdanninga avdekte i september 2006.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er basisløyvingane for universitet og høgskular reduserte med 274,3 millionar kroner. Utteljinga i det resultatbaserte finansieringssystemet, som er knytt til endringar i avlagde studiepoeng og talet på utvekslingsstudentar, aukar derimot med 80,3 millionar kroner frå 2006 til 2007.

Det blir foreslått å løyve til saman 189 millionar kroner til utstyr og inventar i samband med realiseringa av nye bygg i universitets- og høgskulesektoren. Det kjem ikkje startløyvingar til nye bygg i 2007.

I samband med oppbygginga av tannlegeutdanninga ved Universitet i Tromsø er det foreslått å auke løyvinga med 19,2 millionar kroner. Universitetet i Tromsø fekk i 2004-budsjettet ei tildeling på 17,5 millionar kroner til å starte opp ei ny odontologiutdanning med ti studentar. Forslaget til statsbudsjett for 2007 inneber at opptaket blir trappa opp til 40 studentar årleg.

Kontaktpersonar:
Erik Blom-Dahl, avdelingsdirektør 22 24 75 71
Knut Sletta, avdelingsdirektør 22 24 77 19

Til toppen