Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

Auka tilskot til museum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa la våren 2021 fram ei ny museumsmelding, og følgjer opp med eit framlegg om 18 millionar kroner i auka driftstilskot, og 30 millionar kroner i investeringstilskot til ei rekkje museum.

Midlane kjem i tillegg til regjeringa si oppfylging av meldinga gjennom fleire museumstiltak i samband med revidert nasjonalbudsjett og fordeling av spelemiddel i 2021.

– Musea fortel historia om kven vi er og kvar vi kjem frå. Eg er glad for å kunne vidareføre satsinga frå museumsmeldinga på kystkultur, kunst i nord, museumsforsking, bygningsvern og aktiv samhandling, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

18 millionar kroner i auka driftstilskot i 2022 er fordelt til følgjande museum og tiltak:

6 millionar kroner til løft for kystkultur

  • 3 millionar kroner til Vest-Agder-museet
  • 1 million kroner til Nordmøre museum
  • 1 million kroner til Haugalandmuseet
  • 1 million kroner til Sunnhordland museum

6 millionar kroner til løft for kunst i nord

  • 3 millionar kroner til styrking av verksemda til Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø
  • 3 millionar kroner til å skipa ei ny avdeling av Nordnorsk Kunstmuseum i Bodø

6 millionar kroner til samhandling og forsking

  • 1 million kroner til løft for aktiv samhandling: IRMAS – Interregionalt marinarkeologisk samarbeid mellom Museum Stavanger, Norsk Folkemuseum og Museum Vest
  • 5 millionar kroner til løft for museumsforsking (stipendiatstillingar)

Vidare foreslår regjeringa 30 millionar kroner i investeringsmidlar i 2022 med tilhøyrande tilsegnsfullmakter på til saman 185 millionar kroner for løyving i seinare budsjettår:

  • 15 millionar kroner til rehabilitering av Ole Bulls villa Lysøen (ved KODE Kunstmuseer og komponisthjem). Dette er eit konkret døme på oppfylging av drøftinga i museumsmeldinga om trongen for auka innsats for bygningsarven.
  • 10 millionar kroner i investeringstilskot til Skrei – Opplevelsessenter i Lofoten (ved Museum Nord) med ei tilsegnsfullmakt på ytterlegare 152 millionar kroner i seinare budsjettår. Tilskotet er ei oppfylging av den tilrådde kystkultursatsinga i museumsmeldinga.
  • 5 millionar kroner i investeringstilskot til Hardanger fartøyvernsenter (ved Hardanger og Voss museum) med ei tilsegnsfullmakt på ytterlegare 33 millionar kroner i seinare budsjettår. Tilskotet er ei oppfylging av den tilrådde kystkultursatsinga i museumsmeldinga.