Auka tilskot til regionale kulturbygg

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Regjeringa legg meir pengar inn i den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg og aukar ramma med 4,7 millionar kroner. Totalt vert det løyvd 51,7 millionar kroner til denne ordninga frå spelemiddeloverskotet i Norsk Tipping.

– Med denne auken kan fylkeskommunane realisere fleire kulturprosjekt, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Det kan søkjast om tilskot frå ordninga til kulturhus, fleirbrukslokale, spesiallokale for kunst og kultur som bibliotek, museumsbygg eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsalar eller formidlingslokale for biletkunst.