Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

Auka tilskott til Ny-Ålesund forskingsstasjon

Regjeringa foreslår å auke tilskottet til drift av Ny-Ålesund forskingsstasjon på Svalbard med 12 millionar kroner i 2020. Pengane skal gå til å utvikle Ny-Ålesund vidare som ei norsk plattform for internasjonalt naturvitskapleg forskingssamarbeid i Arktis.

- Vi aukar løyvinga til Ny-Ålesund for å setje stasjonen enda betre i stand til å drive miljø- og klimaforsking av betydning for heile verda. Ny-Ålesund er eit unikt utgangspunkt for naturvitskapleg forsking i eit urørt arktisk miljø, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Kings Bay AS driv Ny-Ålesund forskingsstasjon. For å følge opp målsettingane for Ny-Ålesund og forskingsstrategien, foreslår regjeringa å styrke driftstilskottet til Kings Bay AS med 12 millionar kroner i 2020.

Dette skal setje Kings Bay AS enda betre i stand til å drive langsiktig planlegging og investering i infrastruktur og bygningsmasse ved forskingsstasjonen framover.

I Svalbardmeldinga slår regjeringa fast at Ny-Ålesund skal vere ei viktig norsk plattform for internasjonalt, naturvitskapleg forskingssamarbeid i verdsklasse, der Noreg har ei tydeleg vertskapsrolle. Ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund vart lagt fram tidlegare i år.

Til toppen