Historisk arkiv

Auka innsats for etablering av offentlege servicekontor i kommun

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 66/2001
Dato: 11.10.01

Kontaktperson:

Seniorrådgivar Tore Simonsen, 2224 4990

Auka innsats for etablering av offentlege servicekontor i kommunane

Det er foreslått ei løyving på 30 millionar kroner for å støtte kommunane i arbeidet med å etablere offentlege servicekontor i 2002. Regjeringa har sett seg som mål at det ved utgangen av 2003 skal vere minst eit offentleg servicekontor i kvar kommune. Over halvparten av kommunane har i dag etablert eller vedtatt å etablere servicekontor.

Offentleg servicekontor skal vere eit kontaktpunkt mellom brukarane av offentlege tenester og etatane. I eit offentleg servicekontor skal brukarane få utført tenester som er både kommunane og statlege etatar sitt ansvar. Det offentlege servicekontoret skal vere bemanna og det skal også gi tilgang til dei nettbaserte tenestene som etter kvart blir utvikla av offentlege etatar. Dei offentlege servicekontora skal både gi informasjon og utføre saksbehandling.

Offentlege servicekontor er eit viktig verkemiddel for å nå målet til regjeringa om ei meir brukarorientert forvaltning, og målet om å etablere ei døgnopen forvaltning der flest mogleg av forvaltninga sine tenester skal vere tilgjengelege kvar dag og døgnet rundt.