Historisk arkiv

Auka tilskot til operaverksemd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 147/05
Dato: 14.10.2005
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Auka tilskot til operaverksemd

Regjeringa gjer framlegg om at Den Norske Opera får eit driftstilskot på 261,5 millionar kroner for 2006. Dette er ein auke på 22,5 millionar kroner i høve til 2005.

- Det er nødvendig med ei planmessig opptrapping av driftstilskota til Den Norske Opera slik at Operaen kan ta i bruk nytt operahus i 2008 på ein vellukka måte. Frå 2006 og fram til innflyttinga må det skje ein vesentleg auke i talet på kunstnarleg og teknisk personale, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

For 2006 foreslår departementet ein auke av tilskotet til Opera Sør i Kristiansand på om lag 1 million kroner og til Opera Nordfjord i Nordfjordeid på om lag 0,5 millioner kroner. Nasjonal plan for produksjon og formidling av opera og ballett legg til grunn at det skal skje ei opptrapping av tilskota til operatiltak rundt om i landet. Kulturministeren meiner ein med dette budsjettframlegget er komen godt i gang med dette.

Over Moderniseringsdepartementet sitt budsjett foreslår regjeringa for 2006 ei løyving til bygging av det nye operahuset i Bjørvika på 775 millionar kroner, som er den summen Statsbygg meiner er nødvendig for å halda planlagd framdrift i byggjeprosjektet.