Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

Aukar farta i den grøne næringstransporten

Regjeringa foreslår å styrke Nullutsleppsfondet og Enova si satsing på grøn næringstransport med 50 millionar kroner i 2020. Den totale ramma for Nullutsleppsfondet for 2019 og 2020 er 1050 millionar kroner. Sidan støttetilbodet til el-varebilar starta 27. august har Enova gitt tilsegn om støtte til heile 2679 elektriske varebilar.

– Vi skal halvere utsleppa frå transport innan 2030. På personbilar er vi allereie godt i gang, og med Nullutsleppsfondet set vi fart på utviklinga også i næringstransporten. Enova har allereie vist kva som er mogleg å få til med ei enkel og ubyråkratisk ordning for el-varebilar, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Klima- og miljødepartementet har gitt Enova i oppdrag å opprette Nullutsleppsfondet for å setje fart på nullutsleppsteknologi i næringstransporten på sjø og på land. Dette kjem i tillegg til Enovas satsing på teknologiutvikling i transport og støtte til lade- og fylleinfrastruktur. Etter kvart som batteri-, hydrogen- og biogassløysingar for næringskøyretøy og -fartøy blir tilgjengelege i marknaden, vil denne ordninga vere klar til å gi støtte på same måte som for el-varebilar.

Enova har ei samla løyving på 3,2 milliardar kroner i 2020. Det er ein auke på 1,5 milliardar kroner sidan 2013.

Til toppen