Aukar løyvingane til vassforvaltning

Vassforvaltingsplanane som regjeringa godkjende i sommar, skal setjast ut i livet. 180 millionar kronar skal brukast mellom anna til miljøforbetrande tiltak, overvaking og utbetring av laksetrappar. Det er ei auke på 60 millionar kronar. Kommunar, lag og andre kan søke om pengar til eigne prosjekt.

Foss
Foss i Innerdalen. Foto: Anders Iversen

Vassforvaltingsplanane har som mål å forbetre tilstanden i vassdrag, grunnvatn, fjordar og kyst. Fyrste planperiode strekkjer seg fram til 2022. Aukinga i løyvingane til tiltak er ein oppfølging av planane med særskilt fokus på konkrete prosjekt for miljøforbetring.

Tilskotet som kommunar, lag og andre kan søkja på, vil i 2017 vera på nær førti millionar kroner. Pengane skal fyrst og fremst gå til inngrep der ein ikkje har moglegheit til å påleggja nokon å utføre miljøforbetringa. Restaurering av vassdrag, fjerning av vandringshindre og utgreiingar er døme på kva det kan søkast om midlar til.

Også i 2017 vert det ei auke i løyvingane til overvaking i tråd med vassdirektivet. Samtidig som overvakinga på grunnvatn, innsjøar og kyst vert utvida, tek vi i 2017 eit krafttak for overvakinga av elver. Fleire enn ti store vassdrag skal overvakast for å finne ut korleis fisk og anna liv i elvane har det.  Mellom desse vassdraga er Glomma og Drammenselva i sør og Tana og Alta i nord. 

Her kan du lese meir: