Aukar satsinga mot mobbing og ekstremisme, og satsinga for fleire lærarar

Regjeringa vil doble løyvinga til handhevingsordninga for mobbesaker frå 17 til 34 millionar kroner i 2018. Regjeringa styrker kampen mot ekstreme haldningar. Regjeringa aukar også satsinga for å rekruttere fleire lærarar.

I dag legg regjeringa fram revidert nasjonalbudsjett. Handhevingsordninga for mobbesaker er ein klageinstans hos fylkesmannen for elevar som opplever at skolane ikkje gjer nok for å hjelpe dei. Sidan regjeringa innførte ordninga hausten 2017 er 560 saker meldeinn, og i tre av fire saker oppfylte ikkje skolen mobbelova.

– Lova seier tydeleg at alle barn skal ha ein trygg og god skolekvardag. Foreldre og elevar som meiner skolen og kommunen ikkje tek mobbersaka deira på alvor, skal enkelt få rask og rett hjelp. Derfor styrker vi klageordninga hos fylkesmannen, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Styrker arbeidet mot ekstremisme

Regjeringa vil også løfte kunnskapen om ekstreme haldningar og 22. juli, og føreslår om lag 3,5 millionar kroner til å styrke tre tiltak:

  • To stillingar på Holocaust-senteret for å styrke forsking og formidling.
  • Til saman 2 millionar kroner meir til 22. juli-senteret, Utøya AS og Det europeiske Wergelandssenteret for arbeidet med opplæringstilbodet 22. juli og demokratisk medborgerskap. Det er knytta til minne- og læringsstadene i Regjeringskvartalet og på Utøya.
  • OsloMet – storbyuniversitetet får 720 000 kroner til eit utdanningstilbod for "jødiske vegvisarar". Dette vil bidra til fleire besøk hos norsk skoleungdom som igjen vil gi kunnskap om jødisk kultur og redusere antisemittisme.

– Det norske samfunnet skal vere opent, tolerant og mangfaldig. Skal vi få til det, må vi jobbe kontinuerleg med å kjempe mot fordommar, diskriminering, antisemittisme, rasisme og ekstreme haldningar, seier Sanner.

10 millionar til lærarrekruttering

Regjeringa føreslår 10 millionar kroner til arbeidet med å rekruttere fleire studentar til grunnskolelærarutdanninga for trinn 1 – 7 . Universiteta og høgskolane skal samarbeide med kommunane om å vise korleis ei lærarutdanning av høg kvalitet kan gi ei attraktiv yrkeskarriere i skolen. Tiltak kan til dømes vere skolebesøk for å møte søkarar og informasjon om kva det inneber å jobbe med dei yngste elevane. I arbeidet skal ein legge vekt på å rekruttere menn og personar med innvandrarbakgrunn.

– Dei siste søkartala til lærarutdanninga viser at stadig fleire ønsker lærarutdanning, men vi vil få enda fleire til å sjå kor spennande og givande læraryrket er. Dei som vel læraryrket vel òg ein trygg jobb. Månge kommunar har i dag utfordringar med å rekruttere nok kvalifiserte lærarar, og dei neste åra skal 12 000 lærarar gå av med pensjon, seier Sanner.