Historisk arkiv

Auke i maksimalt tillatt biomasse i Finnmark og Troms i 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Lusenivåa i Finnmark og Troms er svært låge, og det er heller ikkje resistensproblem i desse fylka. Derfor ønskjer regjeringa å leggje til rette for 5 prosent generell auke i maksimalt tillatt biomasse (MTB) for lakse- og aureoppdrett i desse fylka, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen. Avgjerda er tatt på grunnlag av vurderingar frå Mattilsynet.

- Havbruksnæringa er ei viktig næring for Noreg, og regjeringa vil leggje til rette for vekst i havbruksnæringa, så lenge veksten er innanfor berekraftige rammer. I Troms og Finnmark er lusenivået langt under grensa, og resistens er ikkje påvist. Kapasitetsauken kan bidra til verdiskaping langs kysten av dei to nordlegaste fylka, seier Berg-Hansen.

- På grunn av dagens lusenivå  og resistensutvikling blir det ikkje generell kapasitetsauke i form av auka MTB (maksimalt tillatt biomasse) i lakse- og aureoppdrett i Sør-Noreg og Nordland no. Ein slik auke blir ikkje realisert før lusenivåa er innanfor dei grensene styresmaktene har sett, resistensutviklinga er under kontroll, og tiltaka som er sett i verk har vist effekt, seier fiskeri- og kystministeren.

- Det vil i 2012 bli gjort ei ny vurdering av spørsmålet om kapasitetsauke, seier Berg-Hansen.

Vederlaget for 5 prosent auka kapasitet er sett til 150 000 kroner i Finnmark og 500 000 kroner i Troms. Forslaget inneber ein samla kapasitetsauke i landet på om lag 1 prosent.

Kontaktperson: avdelingsdirektør Martin Bryde, 22 24 64 78
                          Pressevakttelefon, 22 24 66 99

Brev frå Mattilsynet om lakselussituasjonen

19.10.2010 Vurdering av lusesituasjonen 

13.09.2010 Lakselussituasjonen

24.08.2010 Lakselussituasjonen