Historisk arkiv

Statsbudsjettet

Auke til knutepunktinstitusjonane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Fleire knutepunktfestivalar får auka tilskot. Og ein ny festival får knutepunktstatus i kulturbudsjettet frå 2012.

Fleire knutepunktfestivalar får auka tilskot. Og ein ny festival får knutepunktstatus i kulturbudsjettet frå 2012.

Norsk Country Treff i Breim får knutepunktstatus for countrymusikk og ei statleg løyving på 1,2 millionar kroner. Beløpet føreset regional medfinansiering med ei prosentfordeling mellom stat og region på 60-40. Tilskotet frå 2011 på 0,5 millionar kroner til ressurs- og kompetansesenter for countrymusikk, Breim, inngår som ein del av statstilskotet.

Departementet har evaluert knutepunktinstitusjonane Molde International Jazz Festival, Olavsfestdagane og Kortfilmfestivalen i Grimstad gjennom hausten 2010 og våren 2011. Alle dei tre festivalane får vidareført knutepunktstatusen, men departementet vil halde fram dialogen med institusjonane om utfordringane og manglane som er avdekte.

Molde International Jazz Festival får ein auke på 1,17 millionar kroner til dekning av høgare husleige og styrking av drifta i ved innflytting i nytt hus. Evalueringa viser at festivalen har oppfylt knutepunktoppdraget på ein god måte.

Olavfestdagane får ein auke på 0,6 millionar kroner til styrking av drifta.
Horisont/Mela får ein auke på 1,5 millionar kroner m.a. til styrking av drifta i samband med innflytting i nye lokale i Schouskvartalet og til generell styrking av festivalen. Beløpa føreset regional medfinansiering med ein prosentfordeling mellom stat og region på 60-40.

Hausten 2011 og våren 2012 vil departementet evaluere knutepunktinstitusjonane Festspela i Nord-Noreg og Ultima Oslo Contemporary Music Festival.