Statsbudsjettet 2018

Auke til musea i Det nasjonale museumsnettverket

Regjeringa foreslår å auke den samla løyvinga til musea i Det nasjonale museumsnettverket til 1,5 milliardar kroner. I dette inngår ei styrking av driftstilskotet på 21 millionar kroner til seks av musea.

– Museum er særs viktige kulturarvinstitusjonar som tilbyr populære møteplassar for eit mangfaldig publikum. Regjeringa ønsker å styrke musea for å leggje til rette for enda betre formidling og forvalting av samlingane og anlegga, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Regjeringa foreslår å styrke tilskota til følgjande institusjonar:

  • Norsk Folkemuseum/Ibsenmuseet 
    Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Norsk Folkemuseum med 8 millionar kroner for å få på plass eit utvida driftskonsept ved Ibsenmuseet. Norsk Folkemuseum har planar om å etablere teaterhistoriske utstillingar og å opprette ei teaterscene ved Ibsenmuseet i samarbeid med Nationaltheatret. 

  • Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
    Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design med 4 millionar kroner for å leggje til rette for omfattande førebuingar i samband med flytting av samlingane til dei nye lokala på Vestbanen.

  • Vest-Agder-museet/Hestmanden
    Regjeringa ønskjer å auke tilskotet til Vest-Agder-museet med 4 millionar kroner for å sikre vidare drift av DS Hestmanden – det nasjonale minnesmerket over krigssiglarane sin innsats i to verdskrigar. 

  • Sørlandets Kunstmuseum
    Tilskotet til Sørlandets Kunstmuseum blir foreslått auka med 2 millionar kroner for å leggje til rette for best mogeleg forvalting av ei omfattande kunstsamling som museet har fått i gåve frå Nicolai Tangen. 

  • KODE Kunstmuseer og komponisthjem
    Regjeringa foreslår å auke tilskotet til KODE Kunstmuseer og komponisthjem med 2 millionar kroner for å dekkje auka kostnader til vakthald og sikring.  

  • Museene i Sør-Trøndelag/Kystens arv  
    Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Museene i Sør-Trøndelag med 1 million kroner for å dekkje auka driftskostnader i det nye formidlingsbygget ved avdelinga Kystens Arv i Rissa.