Historisk arkiv

Auka norsk støtte til utrydding av polio

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Noreg aukar den årlege støtta til arbeidet med å utrydde polio frå 50 millionar kroner til 240 millionar kroner dei neste seks åra. Støtta skal gå gjennom Den globale vaksinealliansen (Gavi).

Noreg aukar den årlege støtta til arbeidet med å utrydde polio frå 50 millionar kroner til 240 millionar kroner dei neste seks åra. Støtta skal gå gjennom Gavi.

- Eg er glad for at vi har skrive under avtale med Den globale vaksinealliansen, Gavi, om støtte til Gavis innsats i arbeidet for å utrydde polio. Vi har ein unik muligheit til å utrydde denne smittsame og invalidiserande sjukdomen, men det vil krevje ein ekstra innsats dersom vi skal lykkast, seier utanriksminister Børge Brende. 

Utanriksminister Børge Brende og Seth Berkely frå Den globale vaksinealliansen har underteikna avtalen om auka norsk støtte til vaksineprogrammet. (Foto: Astrid Versto, UD)

Verdas Helseorganisasjon, WHO, fryktar ny polioepidemi etter at det er påvist smitte i konfliktområde som Syria og Somalia. Bare i Somalia er det over 500.000 barn som ikkje blir nådde med vaksine på grunn av tryggleiksproblem. Ifølgje WHO har viruset også blitt transportert til andre land gjennom reiseverksemd, og ført til utbrot i land som tidlegare har greidd å stanse viruset. Dette gjeld mellom andre Irak og Ekvatorial-Guinea. 

Auken på 190 millionar kroner i året skal gå til poliovirusvaksine i 73 av verdas fattigaste land, inkludert Pakistan, Afghanistan og Nigeria der ein ikkje har kontroll med spreiing av viruset.  Avtalen med Gavi har ei totalramme på 1,14 milliardar kroner for perioden 2014 til 2019. 

- Den auka norske innsatsen vil bidra til ei varig nedkjemping  av polio ved at poliovaksineringa blir ein del av rutinevaksinasjons-programma i Gavi-støtta land. Dette er viktig for å lykkast med målsettinga om å utrydde polio, seier Brende. 

Administrerande direktør i Gavi, Seth Berkley er i Oslo for å ha møte med utanriksministeren, og skrive under avtalen om støtte.

- Det internasjonale samfunnet står ved eit vegskilje i innsatsen for å utrydde polio. Noregs støtte til Gavi er avgjerande for arbeidet vårt med å styrke rutinevaksinering med mål om å få ein poliofri verden, seier Berkley.