Historisk arkiv

Austersjøkonferansen i Oslo 15-16. november.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Justis- og politidepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Justisdepartementet


14 november 1995

Austersjøkonferansen i Oslo 15-16. november.

Norske styresmakter leier arbeidsgruppa som avviklar det første møtet om bekjempelse av internasjonal kriminalitet. Ekspedisjonssjef Berit Fosheim opnar konferansen onsdag 15. november. Gruppa skal mellom anna diskutere eit framlegg til ein manual for samarbeide, og andre former for framtidig samarbeid. Delegatane skal og besøke INTERPOL i Oslo.

Embetsmenn frå justis- og innanriksdepartement i Kviterussland, Estland, Latvia, Litauen, Russland, Polen, Tyskland, Finland, Danmark, Sverige og Norge tek del i konferansen.

Mandatet til arbeidsgruppa er:

  • leggje fram standardiserte skjema for utveksling av informasjon over landegrensene
  • samle dei skjema som er i bruk i ein felles katalog
  • leggje fram felles prinsipper for liaison-offiserar sin status og funksjon
  • utgreie noverande samarbeid mellom lovgjevende styresmakter og kome med framlegg til betre former for det framtidige samarbeidet


Arbeidsgruppa er sett ned som følgje av den 2. konferansen i austersjøregionen om bekjempelse av internasjonal kriminalitet. Polen var vertskap for denne konferansen i mars 1995.

Arbeidsgruppa legg fram sitt arbeid under den neste austersjøkonferansen i Finland, 1996.


Lagt inn 15 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen