Historisk arkiv

Austrheim lagar den beste kulturminnedagen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft gratulerer Austrheim kyst- og sogelag med prisen for det beste arrangementet i samanheng med kulturminnedagane som går av stabelen no. Temaet i år er "Nabolag".

Austrheim kyst- og sogelag har laga eit spanande opplegg: "Austrheim frå steinalder til oljealder". Arrangementet er resultatet av eit godt, lokalt samarbeid. Det byr på eit variert program som vil gje lokalbefolkninga sjansen til å bli betre kjent med den lokale historia.

Austrheim kyst- og sogelag har markert kulturminnedagane i ei årrekkje. Laget utmerkar seg i år med å fokusere på den lokale historia gjennom tre arrangement:

  • Vandring på steinalderstiane og forteljingar om funn frå området rundt Fosnstraumen
  • Besøk til Statoil Mongstad-museet
  • Båttur til Børilden med besøk til ein nedlagd frukt- og bærhage, ei gravrøys frå jernalderen og historier om livet på Børilden før fråflyttinga på 1990-talet

Kulturminnedagane skal bidra til å skape forståing og interesse for kulturminne og kulturmiljø blant folk. Dagane blir arrangerte kvart år over heile Europa. I år blir dagane markerte på over 200 stadar over heile landet.

-Kulturminnedagane er flotte arrangement, og eg vil nytte høvet til å takke alle dei frivillige som står bak. Eg er imponert over mangfaldet desse dagane kan vise fram! Derfor vil eg oppmode alle til å kome seg ut, finne fram til ein av desse stadane og oppleve den fantastiske innsatsen dei mange frivillige gjer for å ta vare på kulturarven vår, seier Sundtoft.