Avgjerd om kommunedelplan for Atløysambandet i Askvoll kommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i dag vedteke at alternativ 1a med ei seglingshøgde på 42 meter og ei seglingsbreidde på 150 meter skal leggjast til grunn for reguleringsplanlegginga for Atløysambandet i Askvoll kommune. – Eg har lagt avgjerande vekt på vurderingane frå Samferdselsdepartementet og Kystverket, og omsynet til sikkerheita for skipstrafikken har vore det viktigaste i denne avgjerda, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Vedtaket inneber at motsegna frå Kystverket til kommunen sitt vedtak om 36 meter bruhøgde vert teken til følgje.

- Granesundet er ein del av den indre hovudleia for skipsfarten mellom Bergen og Ålesund, og er under dårlege vêrtilhøve ei tryggare lei enn den ytre leia Alden – Tvibyrge på utsida av Prestøy.  Av omsyn til sikkerheit for skipstrafikken er det viktig å sikre at den indre leia via Granesundet òg i framtida kan trafikkerast med skip av den storleiken som er mogleg i dag, seier Sanner.

Med omsyn til finansiering av Atløysambandet, har Sogn og Fjordane fylkeskommune teke opp spørsmålet om ferjeavløysingsmidlar med Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

- Samferdselsdepartementet gav 26. september 2017 førehandsavklaring om at prosjektet kjem inn under ordninga. Kommunal- og moderniseringsdepartementet handsamar no spørsmålet om storleiken på midlane, seier Sanner.

Brev til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 20.11.2017 (pdf)

 

Pressetelefon til Kommunal- og moderniseringsdepartementet: 22 24 25 00