Historisk arkiv

Avl gir klimavennleg storfe

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa sin klimaplan viser korleis Noreg skal oppfylle klimamålet og skape grøn vekst. Foreløpige resultat frå eit forskingsprosjekt viser at det er mogleg å redusere klimagassutsleppa frå storfe gjennom avl og endra fôring.

– Norsk storfeavl er i verdsklasse, og avlsmateriale frå norske kyr blir eksportert til mange land. Ved å systematisk velje ut dyr som utnyttar fôret betre, og slepper ut mindre metan, blir det mindre klimagassutslepp, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Lågare metanutslepp som avlsmål

I jordbruksavtalen for 2017 vart det satt av 15,5 millionar kroner til eit 4-årig avlsprosjekt i regi av avlsorganisasjonen for norske storfe, Geno. I tillegg løyver Geno ein tilsvarande sum. Prosjektet starta opp i 2018 og skal etter planen vere avslutta innan utgangen av 2021. Målet med prosjektet er å greie korleis lågare metangassutslepp kan vere del av avlsarbeidet på NRF mjølkekyr, samstundes som det blir tatt omsyn til eigenskapar som produksjon, fruktbarheit, helse og auka fôreffektivitet. I prosjektet vert det nytta avansert måleteknologi (GreenFeed- metanmålar) som gjer det mogleg å registrere metanutslepp frå einskilde dyr.

Saka fortset under bilete.

NRF-ku. Lyngen i Troms.
Storfeavl er langsiktig arbeid, og det er mange eigenskapar ved dyret som verkar inn på reduserte utslepp. Foto: Mari Bjørke/Geno

Velje ut dyr med lågare metanutslepp

Så langt indikerer resultata frå prosjektet at 5-8 prosent av bruttoenergien i fôret hjå mjølkekyr blir sleppt ut som metan. Ein reduksjon av dette utsleppet vil gje viktige bidrag både klimamessig og økonomisk. Det er også observert variasjon i utsleppa mellom og innan dyr og besetningar. Noko av denne variasjonen skuldast forskjellar i mjølkemengde og fôring, men resultata indikerer også genetisk variasjon som gjer det mogleg å selektere dyr med lågare metanutslepp.

Nyttar fôret betre

Geno arbeider også med å avle for høgare fôreffektivitet på NRF-dyr. Dette vil vere gunstig både med tanke på økonomien i mjølkeproduksjonen og for klimagassutsleppa. Som døme på potensialet vil ei forbetring i fôreffektiviteten på 1 prosent gi 30 millionar kroner i sparte fôrkostnader per år, i tillegg til reduserte klimagassutslepp. Ei meir effektiv ku er med andre ord ein vinn-vinn situasjon, både for mjølkeprodusentane og for klimaet.

0,45 mill. CO2 ekvivalentar mindre

Storfeavl er langsiktig arbeid, og det er mange eigenskapar ved dyret som verkar inn på reduserte utslepp. Ei effektiv og frisk mjølkeku gir lågare utslepp. Samla sett estimerer Geno at deira avlsarbeid kan gi ein reduksjon av klimagassar frå NRF-kua på 0,45 mill. CO2 ekvivalentar i løpet av 10 års perioden 2021–2030. Arbeidet til Geno gir også viktige bidrag i verdssamanheng sidan avlsmaterialet deira blir eksportert over heile verda.