Avtale med Island og Sveits om Sveits sin tilknyting til samarbeid om grensekontroll

Regjeringa la fredag fram St.prp. nr 60 der Stortinget mellom anna er bede om å samtykke til reglar om grensekontroll og kamp mot kriminalitet, samt reglar for kven stat som skal behandle asylsøknadar.

Samarbeidet gjelder mellom anna reglar om grensekontroll og kamp mot kriminalitet samt reglar for kven stat som skal behandle asylsøknadar. Gjennom avtaler med EU, er Noreg og Sveits knytt til Schengen- og Dublin-samarbeidet. Regjeringa meiner at det er svært positivt at Sveits no tar del i samarbeidet.

For at reglane mellom EU og Sveits og skal gjelde mellom Noreg, Island og Sveits, er det naudsynt med ein eigen avtale mellom dei tre landa. Avtalen vil gjere det mogeleg for norske og sveitsiske styresmakter å samarbeide i eit større europeisk reisefridomsområde m.a. om innvandring og kamp mot grensekryssande kriminalitet.