Historisk arkiv

Avvising av omgjeringsoppmodingar i utlendingssaker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å regulere i forskrift når Utlendingsnemnda (UNE) kan avvise omgjeringsoppmodingar i utlendingssaker. Dei nye forskriftsreglane er no sendt på høyring.

– Departementet foreslår å forskriftsfeste at UNE kan avvise omgjøringsanmodninger fra utlendinger som ikke har kjent oppholdssted. Formålet er at flere skal etterleve plikten til å melde fra om hvor de bor. Det er en grunnleggende del av utlendingskontrollen at norske styresmakter skal kjenne til oppholdsstedet til utlendinger som ikke har oppholdstillatelse i Norge, sier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (FrP).

Vidare foreslår departementet å forskriftsfeste at UNE kan avvise oppmodingar som ikkje fyller bestemte formkrav. Desse formkrava byggjer i hovudsak på eksisterande retningslinjer i UNE, men bør bli forankra og synleggjort i utlendingsforskrifta. Det vil gjelde fleire unntak frå reglane om avvising. I ein del saker må eller bør UNE handsame oppmodingar som ikkje fyller krava. Dette gjeld mellom anna oppmodingar som inneheld nye opplysingar av vesentleg tyding, og mange saker som involverer mindreårige.

– De foreslåtte forskriftsreglene vil legge til rette for en mer effektiv behandling av omgjøringsanmodninger, som opptar uforholdsmessig store ressurser i nemnda, sier Anundsen.

Utlendingsnemnda (UNE) er klageinstansen for Utlendingsdirektoratet sine vedtak. UNE sine vedtak er endelege, men ein kan likevel levere såkalla omgjeringsoppmodingar der ein ber om at endelege vedtak vert gjort om. UNE får svært mange slike oppmodingar, heile 6200 i 2014.