Brende til nordisk-baltisk møte i Verdsbanken

Priv. til red.

Utanriksminister Børge Brende besøker Helsinki 11. februar for å delta på det årlege nordisk-baltiske guvernørmøtet med president Jim Yong Kim i Verdsbanken.

Guvernørane er hovudsakleg finansministrane, med unntak av Noreg og Island. Danmark stiller med utviklingsministeren. Tema for møtet er mellom anna ebola, klima og finansiering for utvikling. 

Utanriksminister Brende skal også møte president Sauli Niinistö og han skal ha ein arbeidsmiddag med sin finske kollega Erkki Tuomioja. 

Pressekontakt for besøket er Rune Bjåstad, 957 85 536, rbj@mfa.no