Historisk arkiv

Bankkriser og politikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg i Dag og Tid

Den siste riksrettssaka i Noreg handla om ein storbank som gjekk over ende. Saka er tidlaus folkeopplysning om kvifor og korleis bankar bør regulerast, skriv statssekretær Morten Søberg.

Sjå på dette fotografiet. Tidsfrosne og grovkorna nyansar i grått. Frå lagtingssalen på Stortinget, truleg frå 1926. Blankt vatn og klårt ljos. Avlidne menneske i live. Utanfor biletet, til venstre, ligg odelstings- og stortingssalen, til høgre går Akersgata forbi. Stolane til lagtingsmennene er borte. Likeins dei faste plassane for møtande statsrådar og lydande odelstingsmenn (til vanleg plasserte i halvsirkel langs ytterveggen). Det vi ser: Ein glimt frå den siste – til no – av åtte riksrettssaker i Noreg, mot stats- og finansminister Abraham Berge og seks av statsrådane hans frå Frisinna Venstre og Høgre.

Frå lagtingssal på Stortinget (Wilse, Anders Beer)

Riksretten vart sett kl. 10 den 3. september 1926 og heva nesten åtte månader seinare: Domen vart kunngjord den 25. mars 1927 kl. 11. Kvart ord – tala som skrive – frå riksrettssaka vart prenta i stortingspublikasjonen Riksretts-tidende 1926/1927. Desse opprita tel 2146 sider. Der flimrar argument, fakta og forklaringar frå ei endelaus rad av vitne forbi i svart-kvitt.

Klagemålet
Riksrettssaka galdt løynd statsstøtte til Den norske Handelsbank og påstand om at dette hadde gått føre seg på grunnlovsstridig vis. Slik vart det framført av éin av dei to aktorane, tingmannen Ketil Skogen: «Etter vedtak av Odelstinget er tidlegare stats- og finansminister Abraham Berge og 6 av hans regjeringskollegar sette under riksrett for at dei

a. ved ei ordning, som dei fekk til eller var med på i tidi 25.–31. mai 1923, let A/S Den norske handelsbank få eit innskot stort 25 millionar krunor i statsvekslar, og at dei ved dette gjekk fram på ein måte, som ikkje er samhøveleg med riksskipnaden;

b. i statsråd hjå Kongen den 19. januar 1924 ikkje kom fram med upplysning um innskotet på 25 millionar krunor i A/S Den norske handelsbank og let Kongen vedtaka ei misvisande uppgåve til Stortinget yver dei innskot banken hadde i innanlandske bankar;

c. den gongen dei ved fyrehavingane i Stortinget 7. og 8. april 1924 fekk vedteke framlegget um statsgaranti for A/S Den norske handelsbank for upp til 15 millionar krunor dulde for Stortinget, at banken tidlegare hadde fenge statsstunad på 25 millionar krunor, som då framleis var ståande i banken.»

Statsstønaden til Den norske Handelsbank – både den løynlege på 25 millionar i 1923 og den opne på 15 millionar i 1924 – hjelpte ikkje stort når alt kom til alt. Banken var busliten og klappa saman i 1924. Mange norsk-amerikanarar skal då ha tapt store pengar. Fyrst og fremst råka buslitet innskytarar og låntakarar i Trondheim.

Banken
I lagtingssalen gjorde den andre aktoren i riksrettssaka, høgsterettsadvokat Magne Schjødt, greie for soga til banken. Han hadde rot i Trondhjems handelsbank – «en gammel, vel ansett Trondhjemsbank som begynte sin virksomhet i 1885 med en kapital på 450.000 kroner». Den norske Handelsbank vart skipa i 1917 ved at Trondhjems handelsbank overtok Privatbanken for Norge (skipa hausten 1916 i Kristiania). Dinest voks banken geografisk nedetter langs kysten då han la under seg både Kristiansunds handels- og landmannsbank, Bergen handelsbank og Sønnenfjelske privatbank i Kristiansand. (Under riksrettssaka kom det fram at banken hadde tapt pengar på kvar og ei av desse overtakingane.) I tillegg heldt banken seg med eit eige «emisjonsinstitutt». I Riksrettstidende står det at dette instituttet ikkje hadde avgrensa verksemda si til Noreg. Nei, det hadde kjøpt eigedomar i Berlin, freista å oreigna vassdrag i Litleasia, engasjert seg i ei leiketyforretning i Hamburg, handelsforretningar i Vladivostok, ein kinematograf- og filmaffære i Konstantinopel osb.

Det var ikkje fritt for eventyr og røyndomsflukt i rekneskapane til banken heller. Der var Den norske Handelsbanks luter i Banque Industrielle de Moscou bokførde til 4 og 6 millionar kroner i høvesvis 1922 og 1923 – trass i at banken hadde vorte nasjonalisert av kommunistane alt i 1917. Både føre og attom måteløysa stod banksjef Patrick Volckmar. Ein mann som aktor Schjødt meinte hadde «vist egenmektighet og ikke vært tilbøyelig til å låne øre til den kritikk som kom frem.»

Krakk og krise
Denne riksrettssaka gjekk føre seg i skjeringspunktet mellom finanskrise, bankpolitikk og Grunnlova. Riksrettstidende 1926/1927 inneheld difor fleire lange utgreiingar om tidlegare finanskriser. Og mest om den siste: I 1923 fekk regjeringa kniven på strupen av leiinga i Den norske Handelsbank. Dei måtte få hjelp så å seia over natta, elles ville banken vera historie alt dagen etter.

Mykje stod på spel. Direktøren i Noregs Bank, Nicolai Rygg, fortalde Riksretten at han var redd Noreg skulle verta ei finansiell øydemark. Store og små bankar gjekk over ende over heile landet i 1923. «Det som var det farlige var, at nu nådde det inn til det innerste, til marven. Selve grunntilliten rystet, nasjonens tillit til sitt eget kredittvesen.» Kva meinte Rygg om den faktiske politikken til regjeringa Berge? «Og om vi tar statens støtte til Den norske Handelsbank, så mener jeg at det var et skritt – sett isolert – som jeg vilde reagert meget sterkt imot, utfra den betraktning at det som ikke kan bære sig selv får falle. Men denne betraktning har en begrensning, – jeg kan ikke blindt følge denne tankegang når jeg ser at der er noget mere, noget større som står på spill. Og det er det som jeg har søkt å vise nettop for 1923, at jeg mente at der var, at det vilde trekke efter sig mer, at det var kommet likesom til centrum, og at derfor virkningene vilde spre sig ut til så mange kanter. Da melder det spørsmål sig, – måtte melde sig og lå alvorlig tungt på oss: Hvad kan det norske samfund tåle, hvor langt går samfundets bæreevne?»

Til sist var det slutt lell: Den norske Handelsbank var ein jobbebank, utan korkje sympati eller tillit, og bergingslaust fortapt. Statsstønaden vart gjeven utan at banken var granska, og utan noka trygd for innskotet. Avgjerda om stønad tok ministerkollegiet på eiga hand og ikkje i statsråd hjå Kongen. Innskotet vart òg halde utanfor statsrekneskapen og statsrevisjonen – alt var bortanfor klår konstitusjonell kontroll. For desse påståtte brota på Grunnlova la aktorane ned påstand om at Berge skulle dømast til å «svara til statskassa ei pengebot stor kr. 10.000 – ti tusen – kronur og dertil saksutgifter i samhøve med riksrettsreglementet». To av dei tidlegare statsrådane skulle bøteleggjast med 8000 kroner, og dei fire andre: 5000 kroner.

Etter alt å døma var ikkje dette avskrekkande summar. Til dømes fekk både aktorane og forsvarsadvokatane i riksrettssaka 25.000 kroner i salær. Riksrettssaka var venteleg alvorleg nok i seg sjølv.

Det var høgsterettsdomarar og lagtingsmenn som dømde i riksrettssaker før opphevinga av Odels- og Lagtinget og omlegginga av Riksretten i 2007. I 1927 kom ni av dei tjuefem riksrettsdomarane frå Høgsterett, resten frå Lag-tinget. Det var sterkt delte meiningar i domstolen. Den endelege domen var like fullt eintydig: Dei tiltala «bør for Odelstingets tiltale i saken fri at være». 

Kapitalistisk logikk
Nær nitti år seinare er det lett å meina at Riksretten tok i miss. Alt det Berge og statsrådane hans gjorde, streid mot måten ei regjering skal bera seg åt på i eit konstitusjonelt demokrati. I dag er den løynde statsstønaden til ein bank som Den norske Handelsbank og det alvorlege etterspelet mest utenkjeleg. Så seint som i 2007 vart dessutan opplysingsplikta regjeringa har andsynes Stortinget grunnlovfest.

Eg les soga om Den norske Handelsbank som eit fotografi av ei klassisk bankkrise. Handelsbankens misere er òg ei tidlaus grunngjeving for regulering av finansmarknader og særskilt for bankregulering. Slik regulering lyt vera ein grunnstein i den økonomiske politikken attåt stabil og føreseieleg finans- og pengepolitikk. 

Sunt folkevit tilseier at bankar ikkje må ta seg vatn over hovudet. Graden av risiko i engasjementa til bankane og anna kredittgjeving må vera tufta på gamaldags og truverdig bankhandverk. Omfanget og typen av risiko leier logisk til minstekrav til eigenkapital og klåre føringar for korleis bankar skal ha lov til å finansiera seg. Slike krav skal vera faste og eintydige. Eigenkapital er den avgjerande strategiske parameteren: Di høgare minstekrav, di meir står på spel for eigarane. Slik går auka soliditet hand i hand med ansvar for bankdrifta og kan motverka den moralske hasarden som særmerkte den heite økonomiske dødsdansen til Den norske Handelsbank.

Sviktande tillit kan føra til at også solide bankar går under. Men også penge- og finanspolitikk kan undergrava bankar, likeins langtrekkjande økonomiske sjokk og tunge nedgangstider. Alt dette kan gjera at bankar kjem til styremaktene på same vis som Den norske Handelsbank og søkjer trygg hamn i form av garantiar, stønad og ei hjelpande hand. I riksrettssaka førde aktor Ketil Skogen til torgs eit prinsipp: «Pengar til å stydja eit privat selskap, som staten ikkje på fyrehand har noko med, høyrer ikkje til dei statsutgiftene, som staten er pliktug til å bera.» Under riksrettssaka var sentralbanksjef Rygg på same bylgjelengd: Det som ikkje kan bera seg, får falla. Klassiske bankar er einfelde maskiner. Dei burde òg fylgja den einfelde kapitalistiske logikken og gå under når tida er ute. Men mot dette står Ryggs atterhald – og dilemma: Otten for at (store) bankkollapsar kan draga mangt anna med seg, uroa for finansiell ørkenspreiing. Dét såg regjeringa Berge føre seg dersom den etter måten systemviktige Det norske Handelsbank gjekk bankerott.

Den vestlege samtida viser fram det dei ottast i 1920-åra: At storbankar kan gå under med ovstore fylgjer for både land og folk, statsfinansar og sysselsetjing. Under den store bankkrisa i Noreg for tjue år sidan vart den siste riksrettssaka studert på nytt i Finansdepartementet. I dag er vi føre var: No skal det gjelda særskilde kapitalkrav til eigenkapital for dei største og systemviktige bankane. Slik kan dei verta meir robuste og tola meir – fleire og større tap – før dei eventuelt går under. Andre tankar kan òg tenkjast. Til dømes kan det vera at bankar lyt halda seg innanfor øvre grenser for kor stor ein bank kan verta. Storleik kan målast og definerast på fleire vis. Dei mest nærliggjande: rådveldekapitalen til banken som del av bruttonasjonalprodukt eller relativ marknadsdel i (ulike segment av) den norske bankmarknaden. Ein kan sjå føre seg bankregulering som tvingar bankar til ikkje å veksa seg for digre i ei eller anna tyding av ordet. Det var vilter vokster just gjennom tvilsame oppkjøp og fusjonar at Den norske Handelsbank i si tid vart den fjerde største banken i landet.

Bøter og straff
Vinje sparde ikkje på stororda då han skreiv om Trondheim i Ferdaminni. Her stod Øyretinget i si tid – «ein ærverdig plass. I heile den gamle verd er det berre torget i Athen og Rom (Forum) som kan setjast ved sida hans». Sidan har det kome til finansielle ruinar i Trondheim med. Den gamle bygningen til Den norske Handelsbank står framleis i Søndre gate: jugendstil, grå stein, tagale tonn. Eit fysisk minne om eit mildt finansielt ragnarok. Men kan henda mest ei påminning om at bankmenn både før og no i stor grad avgjer om bankar lever eller døyr. Sett på spissen kan ikkje eigenkapital og ymse reguleringar vera nokon avløysar for kompetanse. Det grunnleggjande er sjølvregulering: Traust bankhandverk trur eg er det tryggaste diket til vern mot brotsjøar; tap og sviktande inntektsstraumar. Bankmenn lyt vera konservative og omtenkte, men banksoger fortel at denne setninga stundom er skrift i vatn.

Riksrettsinstituttet vart skipa for å kunna straffa tingmenn, statsrådar og høgsteretts-domarar – både sitjande og dei som har vore – mot brot på den viktigaste lova. Kan henda er det nett utsikt til bot, straff og tukt i ymse former som kan auka sannsynet for at dei fremste bankmennene òg forvaltar pundet sitt på retteleg vis.

Alle bankar vil slita i økonomiske nedgangstider, men soga om Den norske Handelsbank er uløyseleg knytt til dei personlege eigenskapane og åtferda til banksjef Patrick Volckmar. Han laut forlata banken i 1923 før han gjekk ned og nord året etter. Etter det fekk han aldri noka framståande stilling i bankverda eller næringslivet på nytt og døydde i 1955, åttito år gamal. «Banksjef Patrick Dall Volckmars legat» kom til etterpå og lever vidare i fødebyen hans, Kristiansund. Føremålet er å nytta avkastninga på legatkapitalen til å «yde økonomisk bistand til innbyggere av Kristiansund og nærmeste omegn til utdannelse for virksomhet innen nærings-livet». Statuttane til legatet hyser sunt bondevit og eit lett ironisk ettermæle i eitt: Den testamenterte grunnkapitalen på 750.000 kroner skal vera urørleg – sikker som banken.