Barn og unge må bli prioritert i tida framover

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Koordineringsgruppa for tenestetilbodet til sårbare barn og unge under covid-19 har i dag levert sin 13. statusrapport til regjeringa.

Koordineringsgruppa rapporterer at tenestetilbodet til barn og unge er på tilnærma normalt nivå. Dei seier vidare at det er viktig at barn og unge blir prioriterte i planane om å opne opp samfunnet att.

Rapporten viser fleire teikn på at pandemien slit på barn og unge. Det er også teikn på auka arbeidsbelasting i hjelpetenestene når  smittevern må overholdast.

Koordineringsgruppa har tre tilrådingar til regjeringa. Dei tilrår mellom anna å prioritere unge sitt behov for fritidsarenaer og møteplassar i planar for opning av samfunnet og peikar på at det er viktig at barn og unge blir prioritert i tida framover.

– Regjeringa har heile tida jobba planmessig og målretta for å ta i vare sårbare barn og unge under pandemien. Barn og unge skal ha lågast mogeleg tiltaksbyrde og regjeringa prioriterer barn og unge ved vurdering av nye smitteverntiltak, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). 

Her kan du lese rapporten (PDF).