Historisk arkiv

Barn og unge må i størst mogeleg grad skjermast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

I ein ny rapport frå koordineringsgruppa for tenestetilbodet til sårbare barn og unge blir det understreka at strategien om lågast mogeleg tiltaksbyrde for barn og unge må etterlevast og behaldast gjennom pandemien.

Regjeringa har motteke 12. statusrapport frå koordineringsgruppa for tenestetilbodet til sårbare barn og unge under covid-19.

- Vi veit at barnehagar, skular, skulehelseteneste og helsestasjonar har ei viktig rolle når det gjeld å fange opp barna som har problem heime. For at kommunane skal halde tenestene til barn og unge opne under pandemien, kompenserer regjeringa koronautgiftene til kommunane, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Det er tilnærma normal drift i dei fleste tenestene. Likevel er det klare indikasjonar på at smitteverntiltaka som treffer tenestene til barn og unge, har alvorlege konsekvensar. For eksempel er ein auke i både omfang og alvorlegheitsgrad i barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP).

– Sjølv om vi gjer det vi kan for å skjerme barn og unge, ser vi at tiltak for å stoppe smitten også rammar dei. Vi har gitt meir pengar til barne- og ungdomspsykiatrien og dei kommunale lågterskeltilboda gjennom pandemien, og aktiviteten er i stor grad oppretthalden for barn og unge. Vi vil sjå på korleis vi kan styrkje desse tenestene ytterlegare, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H). 

Opne skular

I rapporten kjem det fram at Noreg er eit av få land som har klart å halde skulane opne under pandemien.

– Opne barnehagar og skular er kjempeviktig for barn og unge, og i Noreg har vi i stor grad klart å halde dei opne, blant anna på grunn av trafikklysmodellen. Skulane har gått til raudt tiltaksnivå ved høg smitte, framfor å stengje heilt slik dei har gjort i mange andre land. Men også i Noreg har det vore utfordrande, og skuleleiarar og tilsette har gjort ein kjempejobb med å omstille seg mellom dei ulike nivåa, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Mange elevar opplever svakare opplæring under pandemien, og mange som treng spesialundervising, har ikkje fått alle timane dei har krav på.

– Dei som treng spesialundervising, skal få det også under pandemien. Eg veit at mange skular strekkjer seg langt for å gi eit best mogeleg tilbod til desse barna. Vi må fortsetje å gjere det vi kan for at dei negative konsekvensane skal bli så få som mogeleg, seier Melby (V).

God informasjon til barn og unge

I rapporten kjem det fram at fleire unge synest smittevernreglane kan vere forvirrande.

– Det understrekar behovet for god og tydeleg informasjon retta mot barn og unge om kva dei har rett og lov til. Her har både staten og kommunane ein viktig jobb å gjere. Vi vil halde fram med å jobbe for at barn og unge får tilpassa informasjon, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Rapporten viser klart at om vi skal lykkast med å halde smitten under kontroll, blir det avgjerande å sikre at ungdommar held fram med å etterleve dei grunnleggjande smittevernreglane. Ein måte å sikre det på er å bidra til at ungdom kan vere på skulen og delta i fritidsaktivitetar. Det kan førebyggje at dei blir tiltakstrøytte.

– Regjeringa held fast ved målet om at barn og unge skal ha lågast mogeleg tiltaksbyrde. Tiltak retta mot barn og unge er det første vi opnar opp når smittesituasjonen tillèt det. Fritidsaktivitetar og opne møteplassar skal haldast opne med mindre lokale smitteutbrot tilseier noko anna, seier Ropstad.

Tilrådingane frå koordineringsgruppa

  1. Tenester til barn, unge og foreldre må vere tilgjengelege for å kunne førebyggje og avdekkje vald og overgrep.
  2. Tilpassingar i og for tenestene er nødvendig dersom smitteverntiltaka skal vere forholdsmessige.
  3. Helsa og utviklinga til barn og unge må framleis prioriterast.
  4. Tenester retta mot den psykiske helsa til barn og unge må styrkjast, og tenester som behandlar barn og unge, bør vurdere om bruk av digitale konsultasjonar er for omfattande.
  5. Unge utan dagtilbod må få eit eigna tilbod.