Historisk arkiv

Bærum kommune får 1 million kroner til inkludering i fritidsaktivitetar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Det er viktig å bidra til at barn og ungdom får delta i sosiale fellesskap og aktivitetar. Fritidsaktivitetar er viktige møteplassar utanom skulen, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

I Fritidserklæringa går regjeringa, KS og frivillige organisasjonar saman for ein felles innsats slik at alle barn og unge uavhengig av familieøkonomi kan delta jamleg i fritidsaktivitetar. Som ein drahjelp har Kulturdepartementet no fordelt om lag ti millionar kroner for å stimulere til inkludering og integrering i fritidstilboda rundt om i landet.

- Midla som no er fordelt skal bidra til at barn frå økonomisk vanskelegstilte familiar kan delta på minst éin fritidsaktivitet. For å få til gode løysingar må kommunar, lokale foreiningar  og andre viktige samarbeidspartnarar spele på lag. I tildeling av midlar har vi lagt vekt på samarbeid mellom det offentlege og dei frivillige. Prosjekta skal inspirere andre, så ikkje alle må starte frå "scratch", seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Bærum kommune får 1 million kroner til arbeidet mot barnefattigdom

Pengene skal bidra til at fleire barn frå økonomisk vanskelegstilte familiar kan delta i organiserte fritidsaktivitetar. Samarbeidet mellom Barne- og ungdomstenesta i Bærum kommune og frivillige, kommunale og private tilbod skal styrkjast. Samarbeidspartnarar for prosjektet er Bærum Idrettsråd, Bærum Kulturråd, Røde Kors og KFUM/KFUK. Målet er ein samarbeidsmodell som sikrer lokal implementering av Fritidserklæringa frå regjeringa.

Målsetninga med prosjektet er å sikre ei oversikt over fritidstilbod og kartleggje behov nye fritidstilbod slik at alle som vil kan delta. Det skal samarbeides med lokale lag, foreninger, private aktører og kommunen for å styrkje sosial inkludering av barn og unge i lokalsamfunnet.

- Mange kommunar, frivillige organisasjonar og idretten gjer i dag mykje for å inkludere barn og unge i aktivitetane sine. Gjennom felles innsats i lokalmiljøa, oppnår vi enda breiare deltaking. Tildelinga til arbeidet mot barnefattigdom i Bærum synleggjer dei praktiske og gode løysingane ein har fått til lokalt, seier kulturminister Hofstad Helleland.