Brende til New York 6.-9. juni

Priv. til red.

Utanriksminister Børge Brende reiser til New York 6. juni for å ha møte i FN, delta på Clinton Foundations årsmøte, samt profilere norsk litteratur og arkitektur i USA.

Utanriksminister Børge Brende reiser til New York 6. juni for å ha møte i FN, delta på Clinton Foundations årsmøte, samt profilere norsk litteratur og arkitektur i USA

Fredag skal Brende delta på årsmøtet i Clinton Foundation, der Bill og Chelsea Clinton er tilstades. 

Tidlegare på dagen treffer han Karl Ove Knausgård i New York Public Library. Den norske forfattaren har fått stor merksemd og positiv omtale i USA siste tida. 

Utanriksministeren skal også ha møte med Amina J. Mohammed, FNs generalsekretær sin spesialrådgjevar for nye utviklingsmål  etter 2015.  

Laurdag 7. juni besøker utanriksministeren det nye museet  «9/11  Memorial» med museumspaviljongen, som det norske arkitekturfirmaet, Snøhetta, har teikna. 

Måndag 9. juni held utanriksminister Børge Brende det nordiske innlegget om menneskerettar og godt styresett som del av dei nye utviklingsmåla etter 2015. Her skal også H.K.H. kronprinsesse Mette-Marit  halde innlegg. Møtet er i salen til FNs generalforsamling. 

Seinare på dagen møter Brende generalsekretær Ban Ki-moon og visegeneralsekretær Jan Eliasson. 

Han skal også ha samtale med Anthony Lake, som er leiar for FNs barnefond, Unicef.     

Pressekontakt: Astrid Versto, 901 92 920