Historisk arkiv

Beate Gangås nytt likestillings- og diskrimineringsombod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Beate Gangås (42) er i statsråd i dag utnemnd til det første likestillings‑ og diskrimineringsombodet. Det nye ombodet får ansvar for eit felles handhevingsapparat mot diskriminering. (09.09.05)

Pressemelding

Nr.: 05092
Dato: 09.09.05

Beate Gangås nytt likestillings- og diskrimineringsombod

Beate Gangås (42) er i statsråd i dag utnemnd til det første likestillings‑ og diskrimineringsombodet. Gangås er tilsett for ein åremålsperiode på fire år. Det nye ombodet får ansvar for eit felles handhevingsapparat mot diskriminering.

1. januar 2006 blir det etablert eit nytt likestillings‑ og diskrimineringsombod. Kontoret til ombodet vil omfatte det noverande Likestillingsombodet, Likestillingssenteret og Senter mot etnisk diskriminering (SMED) – og i tillegg blir det lagt nye oppgåver til ombodet.

Beate Gangås har juridisk embetseksamen. Ho har sidan 1992 vore tilsett i Politiet, og blei utnemnd til politimeister i 2001. Ho har sidan leidd Seksjon mot organisert krim i Politidirektoratet. Ho har fungert som assisterande politidirektør sidan april 2005. Ho har tidlegare hatt ulike stillingar i Oslo politidistrikt, mellom anna som leiar av Økonomiseksjonen og Påtaleseksjonen. Arbeidsområdet hennar omfatta mellom anna menneskehandel, familievald og rasisme, og ho har arbeidd med likestillingsrelaterte oppgåver og etnisitetsproblem. Gangås er styremedlem i SMED og leiar av den gruppa i Interpol som arbeider med menneskehandel.

Utdrag av CV – Beate Gangås (f. 24.04.63):

2001–d.d. Politimeister – Organisert krim-seksjonen, Politidirektoratet

1998–2001 Seksjonssjef – Påtaleseksjonen og Økonomiseksjonen, Oslo politidistrikt

1996–1998 Kontorsjef – Personalkontoret, Oslo politidistrikt

1992–1996 Politifullmektig – Vestfinnmark politikammer og Oslo politidistrikt

1987–1988 JURK (Juridisk rådgiving for kvinner) – dagleg leiar/saksbehandlar

2004 AFF leiarutdanning, Solstrandprogrammet

2000 FBI leiarutdanning, University of Virginia

1991 Juridisk embetseksamen, Universitetet i Oslo

2002–2005 Leiar av nordisk arbeidsgruppe for vern av vitne

2003–d.d. Chairperson, Interpol working group on Trafficking in Women

2003–d.d. Styremedlem i Senter mot etnisk diskriminering (SMED)

----------

Fakta om det nye likestillings- og diskrimineringsombodet
CV og bilete av Beate Gangås
BFD si informasjonsside om det nye ombodet

Til toppen