Historisk arkiv

Befolkningsveksten i distriktskommunar held fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

46 fleire distriktskommunar auka folketalet i 1. kvartal 2009 samanlikna med same periode i 2006. Dette syner nye tal frå SSB.

46 fleire distriktskommunar auka folketalet i 1. kvartal 2009 samanlikna med same periode i 2006. Dette syner nye tal frå SSB. Trass i ein nedgang i folkeveksten på 21 % frå i fjor grunna lågare innvandring, held talet på distriktskommunar med vekst i folketalet seg på et høgt nivå. Ei årsak til dette er at fleire distriktskommunar har netto innanlands tilflytting.

- Det er svært gledeleg at tempoet i sentraliseringa er redusert dei seinare åra, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Sjølv om utviklingstrekka er positive mange stader i landet, krevst det ein langsiktig og kraftfull innsats for å sikra reell fridom til val av bustad i heile landet. 134 av 306 distriktskommunar hadde vekst i folketalet i 1. kvartal 2009. Det er ei ekstra stor utfordring å få fleire innvandrarar til å busetja seg i distrikta.

Regjeringa har sett i gang eit distriktspolitisk løft som vi no ser resultata av, og som gjer at tempoet i sentraliseringa er redusert sidan 2006. Gjeninnføringa av differensiert arbeidsgjevaravgift, styrka kommuneøkonomi og betra samferdsletilbod, har betydd særskilt mykje.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.