Historisk arkiv

Beitestatistikk for sau i utmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

NIBIO har laga ei nettside som viser dyretal og tap på utmarksbeite for sau organisert i beitelag under tilskotsordninga Organisert beitebruk (OBB). Dette omfattar om lag 75 prosent av all sau sleppt i norsk utmark.

Behov for å stimulere til aktive og organiserte tiltak innan husdyrhaldet førte i 1967 til oppretting av Tiltaksfondet for sau. I 1970 vart det med middel frå Tiltaksfondet sett i gang ei ordning kalla Organisert beitebruk (OBB). Hovudmålsettinga for Organisert beitebruk var to-delt:

  1. Legge til rette for meir rasjonell utnytting av utmarksbeita
  2. Redusere tapet av dyr på beite til eit minimum.
Sau på beite i Børkdalen, Sør-Fron.
Sau på beite i Børkdalen, Sør-Fron. Foto: Yngve Rekdal/NIBIO

Sidan 1970 har beitelaga i OBB levert årlege rapportar om drifta (750 beitelag i 2019). Sauetalet har vore nokså stabilt omkring 1,5 - 1,6 mill. dyr sidan 1984, dette utgjorde i 2020 om lag 75 % av dyretalet som får produksjonstilskot for beite i utmark. Det finst no derfor eit omfattande statistisk materiale som beskriv utviklinga.

1/3 av norske gardsbruk slepp sau i utmarka. Sauehaldet tek kring halve årsfôret her. Dette omfattar kvar sommar omlag 2 mill. sauer og lam. 75 % av desse er organiserte beitelag som brukar omlag 35 % av landarealet i Noreg. Samarbeid er viktig for god bruk av den store fôrressursen landet har i utmark. Beitelaga er som ei grunnstamme i beitenæringa, og organisering av utmarks-beitebruk ser ut til å bli minst like sentralt i framtida. Ei enkel og lett tilgjengeleg synleggjering av talmateriale frå drifta vil vera nyttig både for den som driv næring og dei som forvaltar stønadsordningar og lovverk kring utmarksbruk.