Historisk arkiv

Benjaminprisen til Uranienborg skole

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen delte ut Benjaminprisen til Uranienborg skole for arbeidet deira mot rasisme, antisemittisme og mobbing.

Bilde av overrekkelsen av Benjaminprisen
Stolte representantar frå eleverådet saman med rektor Randi Elisabeth Tallaksen og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto: KD

Uranienborg er ein barne- og ungdomsskole i bydel Frogner i Oslo med 680 elevar. 54 språk og 50 nasjonalitetar er representerte på skolen, og Uranienborg får prisen for det langsiktige arbeidet for å skape eit godt skole- og elevmiljø.

De er opptekne av og arbeider aktivt mot mobbing, antisemittisme, rasisme og utestenging. Alle blir teke med i arbeidet, og de leitar heile tida etter nye og betre måtar for å sikre at Uranienborg skal vere ein skole der alle har det bra, sa kunnskapsministeren under utdelinga 26. januar.

Viser veg
Røe Isaksen streka under at skolen har ei viktig rolle å spele i arbeidet med å komme til livs hat mot andre hudfargar, religionar, og meiningar.

Ein skole som jobbar systematisk, skikkeleg og langsiktig mot mobbing og rasisme, vil vere betre førebudd dersom det kjem til konfliktar og problem mellom elevar. Dette har Uranienborg skole skjønt, og dei viser veg for andre, sa Torbjørn Røe Isaksen.

Grunngivinga til juryen

Elevar, lærarar, leiing og føresette ved Uranienborg skole i Oslo har over fleire år stilt seg spørsmålet: ”Korleis kan vi lage eit godt psykososialt elevmiljø for alle, fritt for rasisme, antisemittisme, mobbing og utestenging?” Arbeidet ved skolen viser at svara dei har funne, er å involvere alle ved skolen, systematisk ha spørsmålet framme agendaen, stadig styrke metodane og leite etter nye metodar, og merksemd om  haldningar og fordommar  mellom majoritetselevar . For dette arbeidet er Uranienborg skole tildelt Benjaminprisen for 2014, heiter det blant anna i grunngjevinga frå juryen. 

Om Benjaminprisen

Prisen blir delt ut kvart år til ein skole som arbeider aktivt og langsiktig mot rasisme og diskriminering. Prisen er kalla opp etter Benjamin Hermansen, som 15 år gamal blei offer for eit rasistisk motivert drap utført av nynazistar på Holmlia den 26. januar 2001.

Prisen er på 100 000 kronar, eit diplom og ein miniatyr av minnesmerket over Benjamin Hermansen som står på Holmlia i Oslo. 

Juryen for Benjaminprisen er samansett av Marit Hermansen (lærar og mor til Benjamin Hermansens) og representantar frå Likestillings- og diskrimineringsombodet, Antirasistisk Senter, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet for grunnopplæringa, Elevorganisasjonen og Sametinget.