Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Bent Høie besøker OUS 12. april

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Tysdag 12. april besøker helse- og omsorgsministeren Intervensjonssenteret på Oslo Universitetssykehus, og får vere tilstades på operasjonar. Han opnar også Ungdomshelseuka på sjukehuset.

Program:

Kl 13.00 – 15.00: Intervensjonssenteret.
Adresse: Rikshospitalet, Sognsvannsveien 20, bygg D6. 3. etasje.
Helse- og omsorgsministeren besøker Intervensjonssenteret på OUS. Intervensjonssenteret er ei forsknings- og utviklingsavdeling for bildeveileda og høgteknologiske metodar, og er leiande i utviklinga av framtidas operasjonsstuer. Statsråden får ei orientering om arbeidet på senteret og får vere tilstades på operasjonar inne på stuene.

Kl 15.00 - 16.30: Ungdomshelseuka.
Adresse: Rikshospitalet, store auditorium.
Statsråden opnar Ungdomshelseuka. Korleis er det å vere ung på sjukehus? Korleis kan helsepersonell gjere opphaldet til unge på sjukehus til ei god og trygg oppleving? Oslo universitetssykehus arrangerer ei ungdomshelseveke frå 12. – 15. april. Målet med veka er å gi tilsette og samarbeidspartnarar meir kunnskap om ungdom og unge vaksne som pasientgruppe.  

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden vil vere tilgjengeleg for kommentarar.