Historisk arkiv

Bent Høie inviterer til møte om openheit kring sjølvmord 4. februar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

I samband med at regjeringa lagar ny handlingsplan mot sjølvmord, er det ønskeleg å høyre brukar- og pårørandeorganisasjonar, media og fagpersonar sine vurderingar og refleksjonar kring openheit om sjølvmord i det offentlege rom.

Spørsmål som vil bli diskutert er mellom anna: Er meir openheit om sjølvmord eit gode? Kor mykje openheit - og kva type openheit er bra? Kva omsyn bør takast? Kva er farene ved openheit etter eit sjølvmord, både på kort og lang sikt?

Tid: Tysdag 4. februar kl. 15.00 - 16.30

Stad: Design og arkitektur Norge (DOGA), Hausmanns gate 16, 0182 Oslo

Pressa er velkomen på møtet. Hugs pressekort.

Helse- og omsorgsministeren vil vere tilgjengeleg for pressa i etterkant av møtet.