Bent Høie tek imot Kvinnsland-utvalet sin rapport 1. desember

Torsdag 1. desember tek helse- og omsorgsminister Bent Høie imot Kvinnsland-utvalet sin NOU: Organisering og styring av spesialisthelsetjenesten – Hvordan bør statens eierskap innrettes framover?

Regjeringa sette hausten 2015 ned eit utval leia av Stener Kvinnsland. Mandatet til utvalet har vore å utreie alternative modellar for korleis staten kan organisere eigarskapet til sjukehusa. Utvalet skulle også vurdere inndelinga i helseregionar, samt eigarskap til og forvaltning av bygg.

No legg utvalet fram si innstilling.

Ta med gyldig legitimasjon.

Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.