Historisk arkiv

Ber alle kommunar og fylkeskommunar ha beredskap mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Kvar sommar er det fleire tilfelle der norske ungdommar vert utsette for tvangsekteskap eller forsøk på det. Derfor sender statsrådane Solveig Horne og Torbjørn Røe Isaksen i dag brev til alle landets kommunar med oppmoding om ekstra beredskap i sommarferien.

- Det er svært viktig at alle som er i kontakt med ungdommar og familiane deira i kvardagen er merksame på at ungdommar kan verte utsette for tvangsekteskap eller forsøk på det. Vi veit at risikoen er ekstra stor i sommarferien, og derfor bør alle som arbeider med unge vite kvar dei finn informasjon dersom dei fryktar at nokon er i faresonen, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

- Kvart år opplever fleire skular at nokre elevar ikkje møter opp til skulestart. Det er viktig at kvar kommune, fylkeskommune og skule følgjer opp elevar som uteblir. Utdanningsdirektoratet har utforma ein eigen rettleiar for skuleeigarar og skular. Rettleiaren gir gode råd om korleis skulane skal følgje opp slike situasjonar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Integreringsrådgivarar ved ambassadane

I fjor tok integreringsrådgivarane ved norske utanriksstasjonar i mot 13 henvendelsar om gjennomført tvangsekteskap og 28 saker om personar som var etterlatne i utlandet. Rådgivarane er til stades ved ambassadane i Amman, Ankara, Islamabad og Nairobi, og kan gi råd og rettleiing til ungdom som tek kontakt. Men fordi dette arbeidet er vanskeleg, er det viktig at ein jobbar godt i Noreg med å forhindre utreise dersom ein er bekymra.

Minoritetsrådgivarar

I åtte av landets fylker fins det minoritetsrådgivarar ved skulane som har særleg kompetanse på tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av unges fridom. Dei tok i fjor i mot til saman 27 henvendelsar som gjaldt frykt for tvangsekteskap. Elevar og tilsette som er bekymra, eller som har spørsmål til arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting kan ta kontakt med desse.

Tilgjengeleg informasjon

Brevet frå dei to statsrådane vert sendt til alle landets kommunar og fylkeskommunar med oppmoding om å formidle vidare til alle grunn- og vidaregåande skular, til helsesøstrer og til barne- og familievernet. Brevet viser mellom anna til nettstaden ung.no, som har informasjon om tvangsekteskap, kjønnslemlesting og rettane til barn og unge. I fjor vart det også lansert ein app mot tvangsekteskap som heiter #meg og er retta mot unge.

Her kan du lese brevet.