Ber om innspel for å få fleire i arbeid

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer til innspelskonferanse om livslang læring og utanforskap. Statsminister Erna Solberg opnar konferansen.

Tid: 4.mai 2015, Klokka 13.30-16.00

Stad: Oslo Plaza, Sonja Henies plass 3

I dag er det rundt 400 000 vaksne som slit så mykje med å lese, skrive, rekne eller bruke data at dei ikkje får seg jobb, eller står i fare for å miste den dei har. Regjeringa ønskjer å gi alle desse ein betre sjanse til å lukkast i arbeidslivet.

Kunnskapsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet jobbar no med ei melding til Stortinget om livslang læring og utanforskap som skal vere klar i løpet av 2015. Vi er på jakt etter målretta og gode tiltak for å få fleire ut i arbeidslivet. No ber vi om innspel frå aktørar som kjenner utfordringane, og som har idéar til nye tiltak eller endringar.

 Program:

13.30-13.50         Opning av konferansen ved statsministeren

13.50-14.25         Panelsamtale. Statsministeren og fire personar som har fått vaksenopplæring fortel historiene sine

14.30-15.30         Workshop med diskusjonstema

15.30-16.00          Oppsummering i plenum og avslutning ved kunnskapsministeren

 

Det vil bli høve til intervju med statsministeren og deltakarane i panelsamtalen kl. 14.25 og høve for intervju med kunnskapsministeren ved slutten av møtet.

 

Vi ber pressa om å melde seg på til ajf@kd.dep.no

 

Kontaktperson i KD: Kommunikasjonsrådgivar Ajfer Husejin. Mobil: 95936485.

E-post: ajf@kd.dep.no

Kontaktperson SMK: Kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog Mobil:97530948

E-post: anne.nordskog@smk.dep.no