Historisk arkiv

Ber om innspel frå Vestfold og Telemark til småbystrategi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa vil styrke småbyane som attraktive kraftsenter i regionen. Måndag 1. mars møter kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup representantar frå fylkeskommunen, eit utval kommunar, viktige samfunnsaktørar og næringslivet i Vestfold og Telemark for å få innspel til regjeringas strategi for småbyar som regionale kraftsenter.

– Vi inviterer til innspelsmøter for å lytte til lokale aktørar som veit kva som skal til for å skape attraktive småbyar og berekraftige lokalsamfunn, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister.

Saman med distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland inviterer han no til digitale innspelsmøter mange stader i landet, og 1. mars går turen til Vestfold og Telemark fylke.

- Levande og attraktive småbyar kan bidra til vekst og utvikling for heile regionen. Eg trur det ofte handlar om arbeidsplassar, gode nabolag og sentrumsområder med trygge møteplassar og urbane kvalitetar. Gjennom strategien ønsker vi å gjere småbyane meir attraktive, seier Astrup.

Les meir om strategi for småbyar som regionale kraftsenter.

- Eg ser fram til å høyre kva som skal til for å gjere stader som Bø, Rjukan, Kragerø og Notodden attraktive både for innbyggjarane og næringslivet. Og korleis dei jobber for å halde på og trekkje til seg ungdommen, seier Astrup.

Denne strategien er ein av tre distriktspolitiske strategiar som regjeringa vil legge fram til våren.

Deltakarar på møtet 1. mars

  • Terje Riis-Johansen, fylkesordførar i Vestfold og Telemark
  • Eline Momrak, ungdomsrådet i Midt-Telemark kommune og Vestfold og Telemark fylkeskommune
  • Siri Blichfeldt Dyrland, ordførar i Bø kommune
  • Hilde K. Pedersen, prosjektleiar for Bygdepakka i Bø
  • Steinar Bergsland, ordførar i Tinn kommune
  • Karin Rø, prosjektleiar småbypakke for Rjukan by
  • Grunde Wegar Knudsen, ordførar i Kragerø kommune
  • Siri Fossen, prosjektleiar småbypakke Kragerø
  • Øistein Brinck, direktør samfunn, internasjonalisering og klima, Vestfold og Telemark fylkeskommune
  • Linda Lomeland, seksjonsleiar samfunn og plan, Vestfold og Telemark fylkeskommune
  • Bent Gurholt, Midt-Telemark næringsutvikling AS
  • Annette Bischoff, Universitetet i Sørøst-Noreg
  • Knut Vareide, Telemarksforskning
  • José Bakker, marknadskonsulent i Bø Blad og Sentrumsringen i Bø
  • John Terje Veseth, Notodden Utvikling
  • Helene Brekke, Telemarksgalleriet
  • Torgeir Straand, Telemark Technologies AS
  • Anne Aasmundtveit, Vest-Telemarkrådet
  • Håvard Jakobsen Ofte, Næringshagene i sentrum
  • Eva Brekka, NC Spectrum
  • Geir Helge Espedalen, Dyrsku'n Arrangement AS
  • Kristin Saga, regiondirektør i NHO
  • Geir Morten Johansen, avdeling næring, innovasjon og kompetanse, Vestfold og Telemark fylkeskommune


Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00